Du kan reise heim etter operasjonen. Du kan køyre eigen bil.
Eventuell kontroll vert avtalt individuelt.
Du vil få informasjon om skyljing av nasa med saltvatn og eventuell spraying med sesamolje i 2-3 veker. I same periode kan enkelte oppleve forverring av nasetettheit og lokalt trykk/ubehag samt blødingar over nokre dagar. Dette skuldast reaktiv heving i slimhinna etter behandlinga, samt tendens til skorper i nasa av same grunn. Dersom du er usikker på om plagene du har etter operasjonen er innanfor det normale, ta kontakt med oss på ØNH- poliklinikk, eventuelt eigen lege.
Smertestillande:
Det er oftast lite eller inga smerte etterpå. Om du skulle få smerter, kan du bruke Paracetalmol tablettar.
Sjukmelding:
Du treng i utgangspunktet ikkje sjukmelding, men du bør vere heime frå arbeid operasjonsdagen, avhengig av type arbeid. Konferer med operatør når du kjem til operasjon.