Etter operasjonen blir du kjørt i seng frå operasjonsrommet til oppvakningsavdelinga kor du blir til du er heilt vaken eller til spinalbedøvinga har slutta å virke. Ein lege informera deg om korleis inngrepet har gått etter at operasjonen er over. Når du er tilbake på sengeposten får du hjelp til å kome deg opp av senga.
Smerter: Det er normalt å ha smerter bak mot endetarmen, men dette gir seg vanlegvis etter 1-2 veker. Du får smertestillande regelmessig og ved behov. Du bør ha Paracetamol og Ibux smertestillande heime til bruk ved behov. Treng du andre typar smertestillande i tillegg får du med deg resept frå sjukehuset når du blir skriven ut.
Vannlating: Etter operasjonen kan det nokre gonger vere vanskeleg å tømme blæra. Urinkateteret vil derfor ligge inne inntil ein dag etter operasjonen. Urinkateter og eventuelt tampongar som er lagt inn i skjeden fjernast. Når urinkateteret er fjerna, vil vi kontrollere at du tømmer blæra tilfredstillande. For å vere sikker på at du får tømt blæra di skikkeleg etter inngrepet vil du bli kontrollert med ein blærescanner/ultralyd eller eit eingongs urinkateter etter operasjonen. Du får reise heim når det går greitt å tømme blæra som normalt. Som regel er dette same dag, eller inntil to dagar etter operasjonen.
Sting: Stinga er sydd med ein spesiell tråd som forsvinn av seg sjølv. Det kan kome ut trådbitar i nokre veker framover, noke som er normalt.
Bløding: Småblødingar er vanleg dei første dagane etter operasjonen og kan vare opptil eit par veker. Deretter vil du ha auka utflod, som kan vera blodtilblanda i inntil 6 veker.
Liggetid: Vanlegvis blir du utskriven første eller andre dag etter operasjonen.
Sjukmelding: Sjukmelding er i 2-4 veker. Det kan vera aktuelt med lengre sjukmelding avhengig av kva type arbeid du har.
Komplikasjonar
Ved alle kirurgiske inngrep er det ein risiko for komplikasjonar. Dei vanlegaste ved denne operasjonen er blodsamling i operasjonsområdet, infeksjon i operasjonsområdet, eller blærekatarr. Sjeldne komplikasjonar er blodpropp og alvorleg infeksjon.
Seinare kan det vere vanleg med smerter under samleie i ei tid, og følelse av for trong skjede. Dette skyldas arrvev som kan vere stivt. Vanlegvis går dette over. Nokon kan også bli plaga med auka urinlekkasje.
Etter operasjonen
For å førebu mot infeksjon anbefalast du å vente med karbad og å bade i offentleg basseng, samt å unngå bruk av tampong så lenge du blør.
Dei første 6 vekene etter operasjon bør du unngå:
- Tunge løft (meir enn 5 kg)
- Tungt arbeid (golvvask, støvsuging)
- Hard trening som aerobic og liknande.
- Aktivitet som utløysar smerte.
- Forstopping og kraftig trykking kan øydelegge resultat av operasjonen.
- Samleie
Du anbefalast å bruke hormonkrem/stikkpiller i skjeden to gonger i veka i tre månadar etter operasjonen. Du bør starte behandlinga 14 dagar etter operasjonen. Er du i overgangsalderen, kan du fortsette med dette resten av livet. Hormonkrem med østradiol (Ovesterin) kan du kjøpe reseptfritt på apoteket, eventuelt kan du be legen din om resept på østradiol vaginaltablettar (Vagifem).
Me tilrår at du bruker hormonkrem/stikkpiller i skjeden to gonger i veka i to–tre månader etter operasjonen. Du bør starte behandlinga 14 dagar etter operasjonen. Er du i overgangsalderen, skal du sannsynlegvis halda fram med detta resten av livet. Både østradiol hormonkrem (Ovesterin) og østradiol vaginaltablettar (Vagifem) får du kjøpt reseptfritt på apoteket eller på resept via fastlegen din. Viss du er i tvil om du kan bruka tablettane over lengre tid, kan du snakka med lege om dette før du reiser heim etter operasjonen.
Gode råd
- Drikk rikeleg, spis fiberrik kost og halde deg i aktivietet
- Du bør bruke avføringsmiddel (Duphalac/Lactulose), dette kan kjøpast reseptfritt på apoteket.
- Du kan ha samleie tidligast 6 veker etter operasjonen.